søndag 25. januar 2015

Lasagne


Lasagne er ein av dei rettane som eg synest smakar sååå mykje betre heimelaga enn frå pakke.
Litt meir arbeid er det, men ikkje verre enn at det er overkomeleg med god planlegging.
Det er lurt å starte i god tid før måltidet skal serverast då kjøtsausen treng litt koketid.

For nokre år sidan var mannen og eg på ferietur til Italia. På ein båttur mellom øyane utanfor
Venezia fekk vi servert lasagne. Og det er den beste lasagnen eg nokon gong har smakt!
Toppen på den var tjukk og fløyelsmjuk og smakte heilt himmelsk! Med ein god italiensk raudvin til vart det eit uforgløymeleg måltid. Eg har prøvd å gjenskape den lasagnen men må seie eg ikkje har vore i nærleiken endå. Så kva som var i den beclamêsausen veit eg ikkje, kanskje det var osten som gjorde susen.

Men her kjem i allefall mi oppskrift som eg har prøvd meg fram til og som eg synest er veldig god.


LASAGNE 
 4-5 pers.

400g karbonadedeig eller kjøttdeig
1 hakka gul løk
2 fedd hakka kvitløk
2 skiver sellerirot i små bitar
2ss.tomatpurê
1boks hakka herm. tomatar
2-3 soltørka tomatar i bitar(kan sløyfast)
2dl.vatn
1-2ss.tørka krydder etter smak.
(f.eks. provancekrydder el. pizzakrydder)
Friske krydder kan sjølvsagt også nyttast, f.eks basilikum.
1/2dl.raudvin (kan sløyfast evt. buljongterning i staden)
litt brunt sukker, salt og peppar.

Brun karbonadedeiga i litt smør, tilset løk, kvitløk og sellerirot og la det surre med ei lita stund.
Ha så i tomatpurêen og la den steike med ca 1min. til den er " svidd av". Tilset herm. tomatar, soltørka tomatar, vatn, evt. raudvin og tørka krydder og la det småkoke minst ein halv time. Gjerne ein time, dess lenger det kokar dess betre blir det. Rør av og til undervegs og tilset meir vatn om det kokar inn. Smak også etter om det trengs meir krydder.Tilslutt smakar du til med ca. 1 ts. brunt sukker, salt og peppar.

Så lagar du den kvite sausen:

KVIT SAUS

3ss smør
3ss.kveitemjøl
6dl. varm mjelk
litt salt
3dl reven ost.
(eg brukar ei blanding av norwegia og jarlsberg)

pastaplater.

Smelt smøret og ha i kveitemjølet. La det koke bittelitt. Tilset den varme mjelka litt etter litt under stadig omrøring slik det ikkje klumpar seg. La sausen koke eit par minutt. Husk og røre i den slik at den ikkje svir seg. Smak til med litt salt. Rør inn osten og la den smelte ned.

Smør ei ildfast form og legg eit lag med kjøtsaus i botnen. Dekk med pastaplater og eit lag med kvit saus over der igjen. Fortsett slik til alt er brukt opp. Med meg vart det tre lag og 9 pastaplater men det avheng av forma du brukar. Avslutt med eit godt lag kvitsaus og dryss reven ost over tilslutt.
Steikast midt i omnen på 200gr. ca. 30 min. Lat den kvile 10 - 15 min. slik at den får sette seg litt.
Serverast med ein god salat til og evt. focaccia. Det skal eg kome med oppskrift på neste gong.
 Ein god raudvin høyrer også til.





Lukke til og velbekome!

Alva.

4 kommentarer:

  1. Denne oppskrifta kjem eg nok til å prøve, ja;) Sikkert knekkebrøda også. Nydeleg bilete! Og så har eg den ære å bli følgjar nr 1.

    SvarSlett
    Svar
    1. Velkomen hit, Edny og gratulerer som følgjar nr 1! Så kjekt at du vil følge meg her også :)
      Hyggelig at du vil prøve oppskriftene mine, håper det fell i smak.

      Slett
  2. Gratulere med ny blogg.
    Du er flink !
    Den lasagnen skal eg prøve., den ser kjempegod ut !

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Anne-Mari og velkomen hit du også:) Kjekt du vil følge matbloggen min!
      Har mange gode oppskrifter på lur så no gjeld det berre å få dei på menyen slik at eg får teke bilde:)

      Slett