fredag 30. januar 2015

Kvit pizza


Her kjem oppskrift på ein pizza som er veldig populær her i huset.
Eg har hatt den liggjande ute på sybloggen min og den er eit av dei mest vitja innlegga der.
 Har fått veldig mange gode tilbakemeldingar på den, så difor tenkte eg at det var greit å legge den ut her også.

Første gong eg smakte kvit pizza var for nokre år sidan hos ei barndomsveninne som gav meg losji nokre dagar i Trondheim. Etter å ha levd på kafe-og kantinemat eit par dagar var det heilt himmelsk å få servert denne pizzaen hos henne saman med eit glas raudvin til. Eg tok ideen med meg heim og utvikla så min eigen variant (slik som eg oftast gjer:) ).


 Pizzaen er veldig rask og enkel å lage. Her slepp du steiking eller koking på førehand.
Du kan bruke ferdigkjøpt botn om du vil ha den raskt ferdig eller lage den etter eiga oppskrift.
Eg har ei favorittoppskrift frå Italia som eg også vil dele. Den blir knasande sprø i kanten
og det likar eg best. Og dess tynnare botnen er dess meir sprø blir den.

PIZZABOTN:

3 dl. vatn
500 g. kveitemjøl
1/2 pk. tørrgjær (eller fersk)
1 ts. salt
1/2 dl. olivenolje
Varm vatnet, brukar du tørrgjær må det vere meir enn fingervarmt.
Tilsett mjøl, salt og tørrgjær og rør raskt saman. Ha i olivenoljen og kna deigen til den er glatt og smidig. Den blir litt fast og det skal den vere. Er den vanskelig å kna så ta litt olje på hendene. Den vert mjukare etterkvart.
Dekk med plast og la den heve ein time. Denne deiga er super å jobbe med, eg brukar berre å
dra og trykke den utover steikebrettet etter at den er ferdig heva. På denne brukar eg ikkje 
bakepapir, eg smører berre plata med olivenolje. Dette er ein litt stor porsjon så du kan enten lage ein stor pizza til heile brettet eller to mindre.

(til pizzaen på bilda her har eg brukt ferdig botn. Jada....det hender at eg juksar litt eg også :) )

Til sjølve pizzaen treng du:

Ca 4-5 ss.creme fraiche
1/2 - 1 rødløk
ca 1/2 boks ananas i bitar
evt. soltørka tomat i bitar
kverna peppar
1pk.Chorizo-pølse eller spekeskinke
reven ost
ruccola

Smør eit passe tjukt lag med creme fraiche utover botnen. Hakk rødløk i ønska mengde og strø over. Legg på ananas og kvern over peppar. (Tørk ananasen med eit kjøkenpapir først.)



Legg på chorizo-pølse eller spekeskinke (anbefaler zerrano).I det siste har eg også brukt soltørka tomat på,det er ikkje feil det heller:)



Dryss over eit godt lag reven ost . Steikast midt i omnen ved 225 - 240 gr. 15-17 min. Brukar du mi oppskrift på botn er det høgste temperatur som gjeld.



Den er best når den er litt godt steikt.




Dryss over godt med ruccola rett før servering.
Og så er det berre å nyyyte - gjerne med eit glas raudvin til:)


Bon appetite og god helg :)



Alva.

2 kommentarer:

  1. Som eg har sagt før, denne pizzaen er ein favoritt hos oss, helst hos dei vaksne.
    Nydeleg !

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er så kjekt å høyre Anne-Mari! Den er favoritt her i huset også....faktisk står den på menyen hos oss i kveld:)

      Slett