torsdag 29. januar 2015

Fiskesuppe


I dag vil eg dele oppskrifta på ei supergod fiskesuppe.
Veldig enkel og rask å lage. Og det geniale med denne er at du lett kan gjere det om til ei fiskegryte om du heller vil ha det.




Her er det som er i suppa.


FISKESUPPE
4 porsj.

1-2 gulrot
1/2 purreløk
1/2 squash
2 fedd kvitløk
1 ss smør
4 dl. vatn
2dl. matfløte
1 fiskebuljongterning 
(evt. fiskekraft i staden for vatn)
salt - peppar
400g. torskefilet 
(eller anna fisk du måtte ønske)
1/2 broccoli
 200g reker
ca.10 stk. cherrytomat.
fersk dill

Skjær gulrot i strimlar, snitt purreløken, skjær squash i skiver og del i fire. Finhakk kvitløk og fres alt lett i steikepanne med smør. Tilsett vatn, fløte og fiskebuljong og lat det koke eit par minutt. Krydre med salt og peppar. Skjer torskefilet i bitar og broccoli i små bukettar og ha det i gryta. Del tomatane i to og legg dei utover på toppen. La det trekke på svak varme i 5 min. til fisken akkurat er gjennomtrekt.Tilsett reker like før servering. Viktig at det ikkje kokar etter at rekene er hatt i elles vert dei seige. Dei skal berre verte lune. Topp det heile med hakka dill.



Skal du lage den til selskap byter du ut litt av vatnet med kvitvin og matfløte med kremfløte.

Ønsker du å lage fiskegryte i staden tilset du 1 ss. kveitemjøl i grønsakene før du har i væska og brukar berre ca. 2dl vatn. Om du ønsker ei fyldigare suppe kan du også tisette litt kveitemjøl.



Smakar ekstra godt med focaccia til:)

Enjoy!


Alva.

5 kommentarer:

  1. Den ser bare så god ut!
    Elsker fiskesuppe, så denne skal jeg prøve:)
    Flotte bilder som gjør at en får lyst til å sette i gang med det samme!

    SvarSlett
  2. Den ser bare så god ut!
    Elsker fiskesuppe, så denne skal jeg prøve:)
    Flotte bilder som gjør at en får lyst til å sette i gang med det samme!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk og velkomen hit til matbloggen min:)
      Suppa er kjempegod den, og veldig enkel!

      Slett
  3. Denne må eg prøve.
    Eg har nydelege torskeloins i frysaren og det vil eg tru passar godt.
    Takk for gode oppskrifter.
    Delikate bilde.
    Bloggen er super !!!

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for endå ein fin kommentar:) Torskeloins er super til denne suppa! Berre husk å tørke godt av dei før du puttar dei i gryta for når dei har vore frosne avgir dei ganske mykje væske. Lukke til!

      Slett